- Detaljer
- Skrevet av: Super User
Om bitcoins, datasenter og AI.. 2
Eg har ikkje bitcoins, og det har jammen kjentes som eit tog som drog forbi..
Men eg har brukt AI ein heil del idetsite, og det er ingen ny teknologi. Kunstig intelligens treng ikkje kjempe lån og investeringar, men potensiale, det har den, og det dyrkast og lagast av idealistar.
Tale-til-tekst, og tekst-til-tale, chat system med agentsvar, bildehenting, modulering. Alle desse nyvinningane er eigentleg rimeleg gamle, men dei er finpussa, skrudd ihop, og branda kraftig.
I tilllegg har agentane fått domenekunnskap, og meir generell intelligens, altså om din tale konvertert til tekst, skorar høgt på “hobby”, “hagearbeid”, og “naturbruk”, så vil spørsmålet bli reruta til “Gartner” eksperten, som svarar på sitt fagfelt, dette blir eventuelt korrigert/komplementert med andre kjelder/ekspertar. Før det vert lest tilbake til deg.
Då forstår vi at kunstig intelligens, ikkje er så kunstig, det er bare ei samling av kjende teknikkar, kopla mot gode fagfelt databasar.
Altså det gode gamle databasemantraet, “gode søk”, og “forsterka gjenfinning”, ja det er altså det motsatte av “søppel inn, søppel ut”.
Kva som er kunstig intelligens blir altså eit flytande mål, og endrar seg itakt med teknologiutviklinga.
Når ein gamal automasjoningeniør ser ei innhaustingsmaskin som peller umodne epler i ein eigen sekk, så vil han ikkje kalle det kunstig intelligens. Det er bare eit elektro-optisk filter som styrer ein port basert på paletten i biletet.
Nok om det, det byrjar vel å bli kjend for dei fleste, men kva forsvarar at enorme tildels “grøne lån”, altså “sovjetkaptial”, skal brukast til å konvertere “green field” til parkersplassar med straumslukande containarar, fjernstyrte frå dei russiske Google ingeniørane i India og Amerika?
Vel, dette viser tilbake på den einaste gratis-lunsjen i det moderne markedet. “Å øydeleggja naturen, med samfunnets pengar”, for dei kunne sjølvsagt bare tatt ein eksisterande parkeringsplass, eller eit nedlagt industriområde, gjerne kalla “brown field”, men dette kostar meir. Poenget blir at mest kapital får ein frå å plyndre urørt og jomfruelige område og kommunar. Når alle subsidiane har gått konkurs om 5 år, så sit ein likevel på parkeringsplassar ein kan lease tilbake til kommunen, eller hyttetomter med opparbeidd straum og veg.
Det er altså akkurat som for McDonalds, det gjeld å la samfunnet bygge deg inne på ein elegant og lukrativ måte.
Eit litt frustrerande poeng for oss som ikkje sitt i maktens kjerne, det er at desse selskapa er “asset-light”, det vil sei at dei har så godt som ingen risiko men sit på enorme mengder med kaptial dei kan allokere, utviklinga skjer av idealistar, og underleverandørar med “profit share”. Det er sånt som gjer at teknologiselskap har mindre risiko enn ein skulle tru, gitt den ekstreme verdsetjinga. Eit lokalt old-school, selskap derimot, sit på rust og skrot, og dyre ansatte, dei kan ikkje flytte ei krone verken hit eller dit. Så her har du det svart-på-kvitt, teknologien er menneskefientleg, og samfunnskadeleg i yttarste konsekvens.